
Vegen gjennom Dunderdal
Eit ganske klassisk fantasyeventyr i ei litt dyster verdFør å kunne melde interesse må du først hente billetten din.
Hent billettDetaljer om arrangementet
Øyvind Strømmen
Dragepust(ish)
Lørdag kveld (18 – 23)
Søndag morgen (10 – 15)
Skuggeborg er noko av ein utpost i kongedømet Rondaland, men har dei siste åra fungert mykje som eit sjølvstendig grevskap, då kongeriket i stadig mindre grad heng saman, og den gamle vegen mot aust i stadig mindre grad heng saman.
Det passar eventyrarane godt, sidan dei på ulike måtar er på flukt frå lova. Problemet er at det er trange kår i byen, som i aukande grad er prega av desperasjon. Rett nok er fjella i nærleiken rike på mineral, men utan trygge vegar austover har handelen tørka inn, og åtak frå øglefolk i Myrlandet mot nord har gjort at fleire landsbyar i områda som omgjeve Skuggeborg er blitt forlatt. Mattilførsla er usikker.
Den siste tida har difor grev Durgan søkt å opna nye handelsruter sørover, gjennom Raudberga og i retning Maldaland.
Eit av forsøka går gjennom Dunderdal. Eventyrarane – som har funne saman over kortspel på Skuggeborg sine vertshus – har fått med seg at dei som melder seg til teneste der kan få både gull og eigedom, og dessutan – kan ein jo vona på – ein viss gunst hos Durgan.
Men det er ikkje berre-berre å etablera ei handelsrute gjennom Dunderdal.
«Vegen gjennom Dunderdal» er eit eventyr kompatibelt med Dragepust, men går føre seg i ei anna verd.
I denne verda er magi farleg, sjeldan og i dei fleste siviliserte rike er det også forbudt, eller i det minste strengt regulert. Reglane for magi er noko tilpassa samanlikna med i standardreglane for Dragepust.

